Tova Ullsko / Pampuser

Våre tøfflar er laga av lokale råstoff så langt det går. Ulla kjem i frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Desse består kunn av rein ull, og sålar samt snorer er av ekte lær. Det er ikkje nytta nokon kjemiske produkt i tovinga av ullskorna. Etter eigen erfaring, samt tilbakemedlingar frå kundar, har dei 'tradisjonelle' spennene vert bytta ut med eit eige design. Ved å nytte lærsnorer i staden for spenner vert tøveskorna mindre skadelige for golv etc., og meir behageleg å ha med seg i sofaen. Dei varar dessutan også betydelig lengre. Originale spenner er derimot tilgjengeleg skulle nokon ønske seg ein meir tradisjonell look. 

Det er Alf Tore som tar seg av tovinga hos Tove- og Skinnbua. Dette er fysisk krevjande arbeid som tar tid å lære seg skikkelig. Medan han har prøvd seg på andre stilar og fassongar, har erfaring lært han at farga ull, medan fine å sjå på, ikkje er god til å tove. Desse vert unødig harde og dyre. og vert difor ikkje lenger lagd. Derimot har fleire år med lærdom bragd på banen det me kan kalle for kartanker: desse er høge ullsko som rekker ein nedanfor kneet, og skal trekkast på seg lik ein sokk. Desse kjem i hovudsak forutan såle, meir informasjon kjem.