Om oss

"Er det du som er Tove?" er eit vanleg spørsmål retta mot Reidun når Tove og Skinnbua er på stend. Svaret då kan være at det faktisk er Alf Tore: det er han som tar seg av tovinga av ullsko og pampuser, medan votter og luer er Reidun sin avdeling. 

Me held til i Kårvika på Osterøy. Her tar me imot kunder etter avtale, og ellers er det messer og marked som er vår butikk. Ta gjerne kontakt for bestilling, då sender me gjerne varene til deg i posten.

Snø, vinter og høgfjell har alltid vert viktig for oss, og ein stor del av vårt liv . Difor treng me bekledning som held oss varme i all slags vær. Skinn- votter og luer er eit must i rufsete vintervær, og tova ullsko på kalde vintergolv. Alle våre varer er dermed godt testa gjennom fleire år - både praktikalitet, kvalitet og holdbarhet. Som Alf Tore likar å seie; det skal ikkje selgast noko me ikkje hadde kunne nytta sjølve! 

Å nytte naturlege, norske råvarer er også viktig for oss, for å støtte felles bedrifter (store og små) samt halde dei skandinaviske handtverkstradisjonane ved like. Medan våre ullsko er laga etter ein metode opparbeida gjennom fleire år med erfaring og utforsking, kom den opphøvelege lærdomen i frå ein gammal kar på Osterøy. Likeins likar Reidun å hente inspirasjon til sine verk frå museum og historikken, der godt lagde luer og vottar var minst like viktig som det er i dag. Me er alltid glade for innspel og tilbakemeldingar, og kom gjerne med forslag på ting de kunne hatt lyst på. 



Våre råvarer

Me gjer vårt beste for å hovudsakeleg nytte naturlege, skandinavisk-produserte vårvarer. 

Kontakt oss

Tove- Skinnbua

Enneli, Kårvika 85, 5282 Lonevåg

(+47) 90845091

(+47) 97188204